Aktuelt

Verdsarven i Noreg

I Noreg har vi 8 stader på verdsarvlista. Denne unike kulturarven har universell verdi. Det vil seie at den er viktig for menneske over heile verda. Det er ei prestisjefull liste, som har stor internasjonal tyding. Men, samstundes er dette lokale kulturminne for oss som bur i Noreg.

Publisert: 10. May 2021 | Endret: 12. May 2021

Vestnorsk fjordlandskap
Geirangerfjorden Vestnorsk fjordlandskap står på UNESCO si verdsarvliste. Innskrivinga består av Fjordande som er skrivne inn er Geirangerfjorden og Nærøyfjorden. Foto: Lene Buskoven, Riksantikvaren

Sommaren er ei god tid å oppleve denne heilt unike kultur- og naturarven. Då kan du sjå vestnorsk fjordlandskap i all sin prakt og oppleve bergkunsten i midnattssol. Verdsarvkonvensjonen har som mål å identifisere kultur- og naturarv av universell verdi, som då skrivast inn på verdsarvlista. I februar 2020 var det 1121 stader på lista, fordelt på 167 medlemsland.

Den norske verdsarven er registrert i kulturminnesøk. Det største av dei totalt 8 verdsarvområda er Røros Bergstad og Circumferensen. Nokre av verdsarvstadene har også andre kulturminne som er verdt å sjå.

I fjordlandskapet er det mange fjellgarder. På Bryggen finn ein i tillegg til dei klassiske bryggehusa også arkeologiske kulturminne. Nokre av dei kan sjåast på Bryggens Museum.

Muddvær, Vega: Ærfugltradisjonane strekk seg langt tilbake på Vega. Den unike symbiosen mellom menneske og dyr kom på verdsarvlista i 2004.
Røros bergstad og Circumferensen: Gruve- og industrisamfunnet på Røros kom på verdsarvlista i 1980.
Urnes stavkyrkje: Saman med Bryggen i Bergen var dette den første norske innskrivinga på verdsarvlista i 1979.
Bryggen i Bergen: Saman med Urnes var dette den første norske innskrivinga på verdsarvlista i 1979.
Struves Meridianbue: Er ei kjede av geografiske målepunkt, som strekk seg gjennom ti land. 4 av målepunkta er i Noreg, her meridiantstøtta i Hammerfest.
Rjukan-Notodden industriarv: Frå Såheim kraftstasjon til Ovnshus I. Rjukan-Notodenn vart skrive inn i 2015.
Hjemmeluft i Alta: Bergkunsetn i Alta står på verdsarvlista og vart skriven inn i 1985.

Først på lista

Urnes stavkyrkje og Bryggen i Bergen var dei første stadene i Noreg som vart skriven inn på lista. Røros fulgte raskt etter og den seinaste innskrivinga er av Rjukan-Notodden industriarv. Lista er eksklusiv, og mange av dei andre innskrivinga er kjende og kjære besøks- og turistmål, blant anna pyramidene i Giza, Akropolis, og den kinesiske mur. Noreg har frå 2018 vore del av verdsarvkomiteen. Komiteen vedtar årleg kva for stader som skal skrivast inn på lista. Noreg sitt i komiteen fram til 2021.

Utforsk verdsarvstadene i kulturminnesøk her.

Gå til kart