Aktuelt

Storbyferie – freda kulturminne i byen

I ei undersøkjing frå Norstat, gjort på oppdrag frå Riksantikvaren, kjem det fram at kultur slår natur for norske turistar. I dei store byane våre finn du fleire kulturminne verdt eit besøk!

Publisert: 10. mai 2021

Sundt bygget
Sundt Varemagasin i Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Bruk kulturminnesøk til å lage deg eigne turmål i Oslo i sommar. Utforsk freda kulturminne i din by!

Grünerløkka skule i Oslo Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Oslo

Oslo er Noregs hovudstad. Det er den største byen i Noreg, og har ei lang historie. Som dei fleste andre store byar i Noreg, så er det flust av kulturminne her. Det er ulike typar kulturminne, dei har ulik vernestatus, nokre er synlege, andre ligg under bakken. Denne sommaren kan du bruke til å utforske din heimby. I Kulturminnesøk kan du finne kulturminne i ditt nabolag. Du kan også planlegge turar til kulturminne. Kanskje finn du restar etter eit gammalt hus i marka eller ein gravhaug i sentrum?

Her finn du ei liste over vedtaksfreda kulturminne i Oslo:

Gå til kart
Sundt bygget
Sundt Varemagasin i Bergen Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

Bergen

Bergen er ein gammal by. Bjørgvin var i fleire år også Noregs største by, hovudstad og hovudsete for kongen. Her er det flust med kulturminne, både nye og gamle. Verdsarvstaden Bryggen ligg for eksempel midt i det ein kallar mellomalderbyen, eit område som har arkeologiske kulturlag som strekk seg 1000 år tilbake i tid.

Her finn du ei oversikt over vedtaksfreda kulturminne i Bergen.

Gå til kart
Nidaros domkyrkje i Trondheim Foto: Anders Amlo, Riksantikvaren

Trondheim

Trondheim er senteret i Trøndelag. Rockebyen er ikkje berre kjend for musikk, men har også ei spanande og årelang historie. Pilegrimar kom frå langt sør i Europa for å oppleve Nidarosdomen, og byen var eit senter for makt under vikingtida. Byen har mange freda kulturminne. Både bustadhus og kyrkjestader. Kanskje passar det med ein bysafari, med ein påfølgjande kaffi i kulturmiljøet baklandet?

Her finn du ei oversikt over vedtaksfreda kulturminne i Trondheim.

Gå til kart

Dei store byane i Noreg er fulle av spanande kulturhistorie. Med Kulturminnesøk finn du enkelt informasjon og lokasjonen til kulturminnene i eit område. Hugs berre på at nokre kulturminne er i privat eige.

Vis omsyn, og ha ein flott tur!